fjelleng

Dyrking av grovfôr i fjellet

Landbrukskontoret har i samarbeid med Norsk Landbruksrådgiving Innlandet gjennomført eit prosjekt med mål om å auke grovfôrproduksjonen i fjellet.

Prosjektet foregikk fra høsten 2015 til 2016. Det har vore gjennomført fleire markdagar og eit temamøte, og det har vore laga to demonstrasjonsfelt, der det òg har vore henta kunnskap. Resultatet av prosjektet er 7 faktaark om dyrking av grovfôr på høgareliggjande areal. Desse arka håpar vi er til inspirasjon for å sjå på moglegheitene til å ta større og betre avlingar i fjellet. Vi håpar òg at dette kan gjere at høgareliggjande areal som var på veg ut av bruk, kan verte teke i bruk att.

Til høgre finn du 7 temaark som kan vere til hjelp om du skal ta ei avgjerd kva du skal gjere med høgareliggjande areal. Arka kan òg vere til hjelp om du lurar på noko rundt drift av høgareliggjande areal. Om du treng meir rettleiing enn det du finn i temaarka, eller du ynskjer å diskutere faglege spørsmål tilrår vi at du tek kontakt med rådgjevinga, til dømes Norsk landbruksrådgjeving Innlandet.

 

Prosjektet er støtta av Fylkesmannen i Oppland, gjennom midlar frå Fjellandbruksprosjekt, og regionrådet for Lillehammer-regionen.