Stiftinga G-Kultur inviterer unge i alderen 16-30 år med tilknyting til Gudbrandsdalen til å delta skrivekonkurransen Unge røyster.

Dei som ynskjer å delta kan sjølv velje tema, men det skal vere knytt til det å vere ung i dagens og framtidas samfunn. Dette kan eksempelvis vere refleksjonar og visjonar om identitet og tilhøyrigheit, utdanning og arbeid, etnisk/kulturelt/språkleg mangfald, miljø og klima, fattigdom, migrasjon, mm.

Sjå side 2 for utdjuping av tema for skrivekonkurransen.

Retningslinjer for bidrag til konkurransen:

  1. Fritt valg mellom kronikk-/essayform (maks 10 sider, 12 pkt, enkel linjeavstand) eller dikt.
  2. Bidrag skal kunne publiserast i trykt form og på aktuelle heimesider.
  3.  Innkomne bidrag blir vurdert av ein jury, og inntil 10 bidrag blir honorert med 10.000 kvar. Vinnarbidraga skal etter planen publiserast i bokform i byrjinga av februar 2020.
  4. Juryen får ikkje opplyst namn på kven som har skrive bidrag.
  5.  Det er valfritt om ein vil skrive på nynorsk eller bokmål.
  6.  Frist for innlevering av bidrag er 15. juni 2019.
  7.  Namn, alder, epost-/postadresse og telefonnr. til deltakaren skal framgå av vedlegg til sjølve bidraget. Alle opplysningar blir behandla konfidensielt.

 Bidrag skal sendast til ei av desse adressene:

Epost: post@g-kultur.no.

Brevpost: Stiftinga G-Kultur, Jerikovn. 15E, 1067 Oslo.

For meir informasjon sjå http://www.g-kultur.no/unge-royster/

Du er også velkomen til å ta kontakt med ein av oss, som er styremedlemmer i Stiftinga G-Kultur:

Knut Hovslien 9719 5148 knut.hovslien@online.no

Marit Hosar 9076 7253 marit.hosar@broadpark.no

Kjell Austin 4150 9460 kaustin@online.no

Pressemelding

Stiftinga G-kultur, kort informasjon

 

Unge røyster – om val av tema

Har du fundert mykje på eit bestemt tema og har tankar som du har lyst til dele med andre? Går du kanskje med ein forfattar eller journalist i magen, men treng ei anledning for å kome i gang? Nå har du moglegheit til å kome eit steg nærare målet, med Stiftinga G-Kultur sin skrivekonkurranse!

Vi ynskjer ikkje å fastsette eit bestemt tema for konkurransen eller legge føringar for korleis tekstbidraget skal utformast. Men vi ynskjer tekster frå ein ung ståstad som kan reflektere over korleis det er å leve i samfunnet i dag. Vi håper på tekster som vekker kjensler, tekster som overraskar og tekster som gjer oss litt klokare.

Det kan vere ei humoristisk eller alvorleg tekst. Det kan vere ei tekst som stiller spørsmål eller som prøver å finne svar. Det kan vere skrive med eit kritisk blikk eller ei kjærleg hand. Det viktigaste er å vise eit engasjement for temaet ein skriv om.

For å hjelpe deg litt vidare vil vi skissere nokre moglege tema.

Identitet og tilhøyrigheit: Korleis er det å vekse opp i ei bygd i Gudbrandsdalen? Kva skal til for at ungdom skal flytte heim att? Kva ville du gjort om du var ordførar i heimkommunen din? Kva vil det seie å kjenne seg heime? Kva har internett og sosiale medier å seie for identiteten din?

Utdanning og arbeid: Kva vil du bli? Ville du valt annleis om du fekk gjere ting på nytt? Kva kan vi leve av i Norge i framtida? Er det vanskeleg å velje kva ein skal bli i dagens samfunn, sidan det er så utruleg mange val? Finst det eit press om å bli noko viktig og å bli best i sitt fag? Er det feil å ikkje ha store ambisjonar?

Mangfald: Korleis er det å vera ny i Norge? Er Gudbrandsdalen ein god plass å kome til som flyktning? Er eigentleg vi nordmenn rause og inkluderande? Kan ein føle seg utanfor sjølv om ein er akkurat som alle andre? Kvifor skammar vi oss over å føle oss annleis?

Miljø og klima: Kva tenkjer dei som veks opp nå om foreldregenerasjonen? Går vi ei dyster framtid i møte, eller kan vi snu klimatrusselen? Kva kan kvar enkelt gjere for miljøet? Kva ville du sagt om du fekk halde eit innlegg på ei internasjonal klimakonferanse? Går det an å skrive sangtekster om miljø? Eller er all bekymringa om global oppvarming overdriven? Eller noko anna? Kanskje vil du heller skrive om noko heilt anna, som vi ikkje har tenkt på i det heile teke? Alt vi har føreslått ovafor er breie og store tema. Men du kan like godt skrive om noko snevert eller rart – for eksempel ei sær interesse, ein augeblink som betydde noko for deg eller ein spesiell stad du likar å vere.