Mari Skeie Ljones er folkemusikar frå Lillehammer med sterk kjærleik til musikken og folka som har spelt den. Historiene rundt slåttar og spelemenn er ein viktig del av folkemusikken, og fortener å komme betre fram. Mari har lenge jobba med å finne historier; forteljingar om sjølve musikken og om menneska som har skapt eller utøvd den, frå bøker, arkivopptak og frå tradisjonsberarar. Nå har ho samla favoritthistoriene sine og sendt dei til norske forfattarar, som har late seg inspirera til å skrive. Anna Kleiva, Gaute Sortland, Mette Karlsvik, Cornelius Jakhelln, Torbjørn Ljones og Sigrid Sørumgård Botheim har skapt heilt nye tekstar, som Mari har sett musikk til saman med folkesongar Camilla Granlien.

 

På Øyer folkebibliotek får du høyre historiene og slåttane forfattarane har vorte inspirert av – framført av Mari og Camilla. Og de får førpremiere på nokre av dei nye tekstane!

Spelmanns-Dortea, Busen, Bræinfamilien og Lykkjen – dei tøffaste folkemusikarane får de høre meir om på Øyer folkebibliotek tysdag kveld!

 

Fredag 29.november får de høyre dei nye låtane på Litteraturhus Lillehammer framført av Mari Skeie Ljones og Camilla Granlien i lag med forfattarane Gaute M Sortland og Cornelius Jakhelln.