Gudbrandsdalen og Innlandet no kjenner på når vi ikkje har fått framdrift for å få opp ei
midlertidig bru på Tretten etter brukollapsen før vinteren og holka kjem. Som det står i
appellen under her, var det ei krise da brua datt ned, men det er også krise nå når vi går ein
vinter i møte utan å vite om vi får opp ei midlertidig bru i nær framtid.
Det vi er kritiske til er korleis det offentlege ikkje klarar å samordne seg og effektivt finne
løysingar når det er krise. Når brua datt ned og kollapsen var eit faktum, fann kriseleiing og
andre saman og løyste det som måtte løysast. Det som har skjedd i ettertid er sterkt
kritikkverdig!
Fylkeskommunen har utarbeidd ein søknad som beskriv korleis dei vil løyse oppbygging av
midlertidig bru og gjeve ein grundig analyse og vekting mellom samfunnsberedskap,
trafikktryggleik og korleis lokalsamfunnet blir påverka av ei bru som ikkje lenger er der. I
jobbinga fram til søknaden var sendt, den 30. september 2022, var det tett dialog med
fagfolk hjå Statsforvaltaren heile tida og dei var klar over når søknaden kom. Likevel er ikkje
dei klare til å behandle søknaden og vi kjenner på at dette tek altfor lang tid sett opp mot
alvoret i saka.
Her burde alle som har noko myndigheit sett seg saman, diskutert og funne løysingar som
hadde gjort at når søknaden var klar med prosjektering og beskriving berre kunne bli
godkjent.
For oss, politisk, er det ikkje noko anna alternativ enn å setje opp ei midlertidig bru. Det har
stått ei bru her sidan 1895, det vart satt opp ei ny bru som var ferdig i 2012 og det skal opp
att ei permanent bru når den tid kjem i dette området. Men næringslivet og lokalsamfunnet
kan ikkje vente 2-3 år på ei permanent bru og fylkesutvalet i Innlandet har løyvd dei
pengane som skal til for å få opp ei midlertidig bru.
 
På Tretten er det en unntakstilstand og brua representerer dermed kritisk infrastruktur for
oss. Vi mener dermed at det bør være mulig å bruke unntakbestemmelser i lover og
regelverk for å få opp ei midlertidig bru så fort som mulig.
Vi vil med dette be dykk om å tydeleg instruere Statsforvaltaren og NVE om å behandle
søknaden frå Innlandet fylkeskommune straks med grunngjeving i omsyn til sikkereheit